![]() |
|
![]() ![]() |
24 Vavoom, Ted the Mechanic(Gillan, Glover, Lord, Morse, Paice) frå Deep Purple albumet 'Purpendicular' Ein gang, seint på 80-talet, i Stowe, VT, når vi skreiv DP albumet 'The House of Blue Light', møtte eg ein mann på pubben. Det var midt på dagen og eg hadde rømt frå 'Playhouse' der resten av bandet vridde seg i kreativ angst. Idéen var å finne eit stille hjørne der eg arbeide med begynnelsen av ein ide, attmed eit fint glas inspirerande bitter. Vel, det var planen inntil ka'e'navnehans vandra inn. Ein av dei typane; han ville snakke så vi kom inn i ein lett samtale. Over den neste timen fortalde han meg livshistoria hans og eg greidde å skrive det ned på eit par serviettar, som eg putta in i treningsboka mi og gløymde...inntil nokre år seinare når dei datt på golvet når eg flytta sakene mine. Eg var fascinert av at det var mogeleg å fange eit heilt liv på eit par serviettar. Det var sjølvsagt ikkje eit heilt liv, men alle dei viktige delane han ville snakke om. Naturlig nok var alt for kjedelig til å begrunne ein sang, men eg tok litt her og der og brukte fantasien. Namnet hans var ikkje Ted, men det er det no, og han var ikkje mekanikar heller. Eg har aldri hørt ordet Vavoom brukt i dialog inntil ein venn av meg, 'Twinks', brukte det til å beskrive det ei jente bør ha viss ho vil kome seg nokon veg i livet. Den slags ting perfeksjonert av ein av artistane i Cabaret Club, i Orlando. Dette var då det var ein skikkelig strippe klubb, no bruker dei underbukser, forkastelig, og meir til poenget, skikkelig dumt! Vavoom: Ted the Mechanic(Gillan/Glover/Lord/Morse/Paice)Playing pool and drinking beer 'I've had a few myself' he said And he told me Thing about Ted Top man our Ted |
Returner til: ![]() |
![]() |