Dear Friends

DF 33 - Gryntande i Brasil

November 2003

Kjære venner

Då eg i mitt siste 'Kjære venner' sa at eg grynta ved utsikta til den kommande reisa til Brasil..., sjølvsagt ser eg fram til det; eg grynta ikkje negativt.

Gryntande betyr glad (onomatopoeia: som eit svin i møkk), tilfreds; det humøret ein kjem i når ei sky har dreve vekk, lettelse, glæde mv. Knurrande betyr irritert, ærgerlig, ute av fatning eller utilfreds. Eg har i årevis sagt at de har misforstådt det, og derfor fekk eg naturlig nok brev som utrykte overaskelse og beklagelse..'Kvifor likar du ikkje Brasil?'. Osv.

Eg liker svært godt Brasil og vi hadde ei praktfull tid der. Når eg seier at eg grynter meiner eg at eg har det godt.et godt.

Gryntande er ein av dei bemerkelsesverdige manglar i ordboka. Kva har dei i mot omvendte minus-ord, eller kva enn du vil kalle det? For eksempel tyder 'ukuperet' fladt, jevnt eller vannvitig rolig; det er det omvendte av 'kuperet', som tyder bølga eller bakkete.

Overforstådt går eg ut i frå.

Bølgene i elva
Gir veg til foss
Skogens løv
Der spøkelser av gamle gløymde spøkelser
Ligger med fred med enkle ting
Og delane av oss som kviskrar
og seier goddag.
Detter er ein måneskinstur
Det er ein gamal forlatt sti
Og århundrets støv
tilslører dei mange tegna
Det går over mennesket sin forstand
å dyrke havet
Soleis som han dyrker jorden

Når eg er heime går eg dei fleste dager til min hemmelige plass* og reflekterer over desse tankane. Når eg er på turé er eg i ein annan del av skogen.

Hunden min...faktisk er ho verken meir eller mindre min hund enn at eg er herren hennar, så la oss bruke litt tid på det emnet.

Vi er samanfletta, avhengig av kvarandre, lever i symbiose. Vi har bruk for kvarandre. Viss eg vurderer å gå ein tur (og det gjer eg ofte tilfeldig), så oppdagar ho sjølv dei minste tegn som for eksempel at eg tar mine støvler på eller viss eg plutselig stopper opp fordi ein idé dalar ned frå taken i studioet mitt. Det er i sånne situasjoner at ho får ferten av eventyr.

Ho legger frå seg boka eller den elektriske boremaskina (border collies er veldig intelligente), gaper, strekker seg..og så er ho klar!

Haudet på skrå, eit øyre er spissa, antydninga av et gjesp...OK avgårde!!! Avgårde!! Korleis kunne ho vite det?

Sauene forsvann like før vi skulle på turne. Det var merkelig; vi hadde hatt det moro heile sommaren med djupt instiktive ritual. Meghan savna dei, fordi ho nettopp hadde fått dei dressert, og no håper vi at dei har enten blitt til ullete fisk eller er daude.

Og så i dei siste vekene beskreiv ein fiskeetane vegetarianar meg som eit rovdyr. Eg sa at eg slettest ikkje var noko rovdyr, eg er altetande og et også vegetarer. Ho utrykkte ikkje umiddelbart ubehag.

Ei natt kring kl. 2 stirra eg ut av vindauget på bussen vår og såg fullmånen bli mørk av jordas skugge, medan vi suste avgarde på veg til Hamburg. Eg kikka under setet i den andre sida av bussen direkte imot solretninga, og det var plutselig klart.

Det har blitt bestemt av Idiotane sine Idioter (EU kommisjonen, avdelinga for den største dumskal, farmaceutisk lobby), at aspirin og anna smertestillande skal selgast i barne og brukarvennelig kapselform. Du kan ikkje kjøpe meir enn 32 stk. pr. gang, men når du får dei med heim kan barnet ditt let få åpna og slukt alle.

Sjekk kva som skjer viss du sluker 32 paraceteamoler...ubehagelig...veldig ubehagelig.ubehageligt.

Sist gang eg var i USA, kjøpte eg 1000 aspirin i ein barnesikker flaske for 8 dollar, som vil seie ca. 0,5 pence pr. pille; til din opplysing er det kring 1/4 (ja, ein fjerdedel) av det aller billigaste billig-merket i England. Eksempel på billig-merker:

Boots Aspirin Caplets 2,2 pence pr. tablett
Boots brusetablet 2,4 pence pr. tablett
Anadin Extra Tabletter 9,3 pence pr. tablett
Maximum Extra Aspro Clear 15,6 pence pr. tablett

Medan vi er i det medisinske hjørnet, har eg nokon gang fortalt om dr. Gillan sine Stikkhopp-Fødsels-Metode? Den har blitt fantastisk populær blant kvinner. Ikkje meir arbeidskrevande trykking frå den mest latterlige (men behagelig for personalet si skuld) vannrette posisjon.

Når vatnet går spenner du på din strikkhopp-strikk og hoppar ut av det nærmaste taket. Når du når det lavaste punktet vil den heilt utspennte strikken stoppe fallet og kraftfullt trekke deg opp igjen - i mot tyngdekrafta. Babyen, som ikkje er direkte tilknytt den fyrste og øverste platformen vil uten anstrengelse utløyse seg sjølv og forsette nedover med framdrift som er skapt på det fyrste 'rakettrinnet'; men likevel forsatt tilknytta mora med sin egen vesle navle-strikk. Denne kan lett klippast av av jordmora eller faderen, medan dei henger ut av vindauget i fyrste etasje. Deretter vil ein strategisk plassert trampoline eit sekund seinare gjenforene mor og barn, og når alt er ordna for å få dei tilbake til senga.

Bortsett frå eit enkelt uheldig tilfelle, der barnet fauk tilbake i mora, har denne metoden fungert fint i praksis.

Eg vakna ein morgon og var deprimert; Min forkjølsle hadde arbeida seg sør frå eit uuthaldelig tungt haud til eit hard angrpet stemmebånd. Eg hørtest ut som ein kanadisk gåd: som ei skrikedukke. Frårøva einkvar tone, var alt eg kunne presse ut ein liten lyd som tegn på liv. Heldigvis var det onsdag den 29. oktober.

Ein irakisk mann, som bur i Manchester, vart intervjua av BBC. Heile famlien hans i Irak var blitt drept ved ein feil, i forbindelse med eit angrep på huset hans. Journalisten spurte han..'Kva følte du da det skjedde?' Forestill deg ein verden uten fjernsyn.

La oss gå tilbake til fredag den 24. oktober, London, Heathrow Lufthavn. Dei siste Concorde flya var nettop landa klokka 16.01m 16.03 og 16.05. Nøye velfriserte flykapteiner og folk frå flyindustrien har heile dagen vore på tv og uttalt seg lyrisk om dette eksepsjonelle passasjers-jetflyet. Kjendisar forteller historiar. Tilskuarar gret og vinker farvel. Lufthavnspersonalet har varsla om streik.

Kapteinen vinkar voldsomt til dei som hadde møtt fram. 'Dersom den (Concorden') hadde blitt avslørt for dykk i dag som ein framtidsvisjon, ville de ha trudd det, ikkje sant?' ..og eg tenkte 'jo, eg ville nok tru det'..korleis kunne dette skje? Så innsåg eg at hindringa var engelsk. Mange betydningsfulle ting har blitt oppfunnet eller oppdaga i England (for det meste av skottar); men det er umulig for oss å få tinga til å funke skikkelig..fjernsyn, tog, svevande ting, utvikling, datamaskiner, lengdegrada, nerveavbrytarar (det var ein av mine oppfinnelsar, og eg arbeidar forsatt på den) osv.

Uansett, viss du har sjansen, les 'Flatland' av Edwin Abbott; kanskje den vil forandre livet ditt.så forandre dit liv.

Cheers,

Ian Gillan

Copyright © Ian Gillan 2003

*Sjå Ordgrafi, Chandras Koriander

Returner til:
return to DF index